måndag, 21 september 2015 21:06

Vi har i år et nytt system får å bestille/reserver billetter der du kan velge på kart kor du skal sitte. Vi har 3 stk typer billetter: BITELIT VIP, BITELIT Standard og BITELIT Konsoll.

BITELIT VIP – pris 495,- Max 40 billettar på "Operascena" - 4 x bord med 5 plasser på kvar side.
Er du ein av dei som tek speling på alvor eller vil ha det stille rundt deg, anbefalar vi VIP-billett for rolegare omgjevnadar på eit eige rom og med i deilige frynsegoder, inkluderer i VIP-billett er også sjølvsagt dataplass og oppgradert soveplass.

BITELIT Standard – pris 395,- Max 218 plassar i "Foajeen" - lyseblå felt.
Er inkludert dataplass for LAN og soveplass heile helga.

BITELIT Konsoll – pris 395,- Max 20 plassar i "Hertuginna" - eige rom - sjå kart!
Er inkludert konsollplass for konsollrommet og soveplass heile helga.

Ein ny haust betyr ny omgang med LAN og BITELIT i Operahuset Nordfjord! BITELIT er ein møtestad for dei unge som vil drive med kanskje den mest vidstrekte og populære hobbyen no til dags - nemleg data og spel. Fredag 20.november sparkar BITELIT i gong helga med data- og konsollturneringar ut over natta. Vi held det gåande natt og dag gjennom heile helga, og BITELIT garanterer deg potensiellt firkanta auger når arrangementet avsluttar kl 14.00 på søndag. Deltakarane kan overnatte på skulen/operahuset, og der vert vakter og døgnopen matservering/kiosk heile helga. BITELIT er eit rusfritt arrangement. BITELIT-arrangementet har ei nedre aldersgrense på 13 år. 

måndag, 31 august 2015 20:55

Ein ny haust betyr ny omgang med LAN og BITELIT i Operahuset Nordfjord! Datoen er spikra, så gjer som så mange andre og sett av datoen 20.-22.november 2015. Billettsalet vil opne snart, og meir info kjem.

 

Vi gler oss!